Fotballgruppa og smågutelaget til Torbjørn Hopen, G 13/14, inviterer til Fair Play kamp på bana på måndag.
Det er Førde 5 som er gjestane då. Laga spelar i 2. div. avd 2. Dette er månadens Fair Play kamp i fylket.
Ein vil ynskje flest mogleg velkomen til bana på måndag 20.06 kl 18.00!
Fair Play kampar er eit ledd i haldningsarbeidet som fotballkretsen i fylket, SFFK, ønskjer å sette ytterlegare fokus på i barne- og ungdomsfotballen. Kretsen vil vere representert og vil sette fokus på temaet gjennom ein samtale med lag og dommar i forkant av kampen.
Fotballgruppa som arrangør ynskjer å setje ekstra farge på denne kampen med synlege kampvertar som tek imot dommar og gjestande lag og publikum.
Les og meir om Fair Play i fotballgruppa i Eikefjord her
Ein håpar at så mange som mogleg stiller opp og heiar fram sitt lag på
Eikefjord Stadion, mandag 20.juni. kl.18.00.
Ein ynskjer spesielt Førde 5 velkomen.
Vel møtt