11 ting du berre gjer på Eikefjorddagane

I dei større byane i Noreg, Florø og Førde inkludert, fnys du som regel av folk som sit på gata og sel blenkjande småting i plast. Men ikkje her i Eikefjorden, for her får du nemleg kvalitet i alle ledd.Til dømes finn du tradisjonell gardsmat, flott glaskunst og feiande flott iskrem frå inste Feios.
Det einaste av plast som blenkjer til sals under Eikefjorddagane, er dei robuste grasklypparane til Kjelsnes som vert levert med diskolys. Diskolyset er ekstrautstyr mot ein liten ubetydeleg ekstrasum, men vert til gjengjeld levert personleg på døra av Kjelsnes sjølv.
