Etterlysning av Historie om Eikefjord Kyrkje

Eikefjord Kyrkje har 200 års jubileum i 2013. Det er til dette jubileet tenkt å få skrive ei historie om Eikefjord kyrkje. Det var eit jubileum på Eikefjord Marina då kyrkja var 175 år, og det var då skrive ned noko om kyrkjas historie. Eikefjord Sokneråd er på leiting etter noko skriftleg frå dette jubileet. Vi håper med dette at personar som kan ha noko frå dette jubileet, eller kan noko om kyrkja si historie ta kontakt med soknerådet. Det kan òg gjerne være bilete frå eldre tider.

Med helsing Eikefjord Sokneråd v/ leiar Gerd Anny Daae. Tlf 90619602. epost: gadaae@online.no.