Søndag 11.01.15 vart det halde ekstraordinært årsmøte i Eikefjord grendalag. Einaste saka som skulle handsamast var val av nytt styre.
Styret har i 2014 vore samansett av:
Anders Ole Sunnarvik (leiar)
Berit Seljeseth Osa
Ingunn Bergheim
Roman Petrychak
Caroline Langedal
Lene Kristin Midtbø Berge
Per Ole Sollie
Ut av desse var det berre Caroline Langedal og Roman Petrychak som skulle halde fram i styret i 2015. Ein hadde difor trong for fem nye styremedlemmer. Silje Ødegård Standal, leiar i valnemda, la fram deira innstilling til årsmøtet. Årsmøte valde samrøystes alle personane som valnemda føreslo. Etter at valet var gjennomført hadde det nye styret eit styremøte for mellom anna å konstituere seg. Resultatet av valet, og konstitueringa, ser du under:
Brigt Samdal, 1 år, leiar
Mona Ødegård Standal, 2 år, nestleiar
Caroline Langedal, ikkje på val, kasserar
Kenn Hallstensen, 2 år, skrivar
Magnar Sunnarvik, 2 år, materialforvaltar
Bjørn Øren, 1 år, styremedlem
Roman Petrychak, ikkje på val, styremedlem
Seinare i vinter vil det bli kalla inn til ordinært årsmøte der ein skal handsame budsjett, rekneskap, årsmelding og evt. andre aktuelle årsmøtesaker. Gendalaget vil kome attende med dato for dette. Til dette årsmøtet vil det nye styret også legge fram ein arbeids- og møteplan for 2015.
Styret i Eikefjord grendalag