No har OED og Borten Moe talt. Ei av Norges største høgspentlinjer, 420 kV linja Ørskog – Fardal, kjem til å rasere bygda Eikefjord og grendene ikring for all framtid.
Flora kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Statsnett/NVE har gjort det dei kunne for å få til ei brukbar løysing bak Endestadnipa, dette for å unngå nærføring til busetnaden og skjemmande inngrep i naturen. (I området bak Endestadnipa går det linjer frå før).
Senterpartiet og statsråd Borten Moe har sett bort frå samtlege innstillingar og valgt alt. 1.0 gjennom Storebru-området, Langedalen, Knapstad og ut heile lia ovafor Eikefjord. Mange har nok ikkje vore klar over kva konsekvensar dette vil få for oss alle. Statsnett/NVE har kome med grundige utgreiingar der dei avviser klart at kabling ikkje er aktuelt.
Vi som får nærføring med linja fryktar strålingsfare, vi kan ikkje la borna våre vekse opp her då vi veit det er påvist auka risiko for blodkreft hos born i slike områder. Resultatet viser seg ofte først mange år fram i tid. I tillegg til strålingsfare vil heile grenda ved Storebru vere utskjemd for all framtid.
Linja blir ca. 40 meter høg og traseen blir omlag like brei. Er det verkeleg dette vi som bur i Eikefjord vil sjå på i framtida?
Marianne Stegane