Eit langsiktig prosjekt har no fått realisert sine første steg. Grendalaget har i lengre tid hatt ein visjon om å samle informasjon om det som skjer i bygda på ein felles nettstad. Vi er no godt i gang. Alle artiklar frå eikefjord.net har no blitt overført til grendalagets nettstad, og her snakkar vi om ca. 2600 artiklar over ein periode på drøyt 20 år.
Målet i neste steg er å invitere dykk til å vere med og dele innhald med sambygdingane. Har du noko på hjartet og har lyst til å dele dette, ta kontakt med oss i grendalaget, så skal vi invitere til felles opplæring i korleis ein legg ut artiklar og annan informasjon på denne nettstaden.
