I fjor vart Eikefjorddagane arrangert i ein litt annan variant enn kva som har vore normen for tidlegare år. Eikefjorddagane Mini vart gjennomført på éin dag, men i år er vi tilbake med eit todagars-format.
Eikefjord idrettslag og Eikefjord grendalag samarbeidar om gjennomføringa i denne modellen. Idrettslaget sett fokus på fysisk aktivitet og konkurranseinstinkt, mens grendalaget har sitt fokus på bygdelivet og kulturaktivitetar. Denne kombinasjonen opnar for ei ny bredde i innhaldet på dagane.
Før programmet vert heilt spikra, kan de få eit overblikk gjennom oversikta som ligg under her. Eikefjord idrettslag og Eikefjord grendalag ser fram til å gjennomføre dette saman.


