Eikefjord sitt gutelag 11 år vann over Florø i går!

Med Champions League-ball varta begge lag opp med stjernespel, og heile 18 mål fekk ein sjå i Idrettsparken i går!

Det kjekkaste i fotball er å lage mål. Og det gjorde begge laga i dag. Steffen laga heile 8 av Eikefjord sine 10 mål, medan Martin og Tomas laga eitt mål kvar.Til pause var stillinga 6-4.

Spelarane stod på og jobba godt, og spesielt i den siste halvdel av den andre omganget så tok ein fram kjempekreftene og løp alt ein orka. Noko som resulterte i fleire mål, og ein veldig fin lagsiger. Spelarane hadde gleda seg lenge til å spele mot bygutane, så då var det ekstra stas med siger og  tre poeng.

Desse spelte for Eikefjord i dag: Jonas, Steffen, Martin, Leander, Trygve, Sander, Snorre, Thomas, Øyvind og Robert.

Filmsnutt i frå kampen ser du her!