Ekstraordinært årsmøte Eikefjord grendalag

Søndag 11.01.15 vart det halde ekstraordinært årsmøte i Eikefjord grendalag. Einaste saka som skulle handsamast var val av nytt styre.

Styret har i 2014 vore samansett av:

Anders Ole Sunnarvik (leiar)

Berit Seljeseth Osa

Ingunn Bergheim

Roman Petrychak

Caroline Langedal

Lene Kristin Midtbø Berge

Per Ole Sollie

Ut av desse var det berre Caroline Langedal og Roman Petrychak som skulle halde fram i styret i 2015. Ein hadde difor trong for fem nye styremedlemmer. Silje Ødegård Standal, leiar i valnemda, la fram deira innstilling til årsmøtet. Årsmøte valde samrøystes alle personane som valnemda føreslo. Etter at valet var gjennomført hadde det nye styret eit styremøte for mellom anna å konstituere seg. Resultatet av valet, og konstitueringa, ser du under:

Brigt Samdal, 1 år, leiar

Mona Ødegård Standal, 2 år, nestleiar

Caroline Langedal, ikkje på val, kasserar

Kenn Hallstensen, 2 år, skrivar

Magnar Sunnarvik, 2 år, materialforvaltar

Bjørn Øren, 1 år, styremedlem

Roman Petrychak, ikkje på val, styremedlem

 

Seinare i vinter vil det bli kalla inn til ordinært årsmøte der ein skal handsame budsjett, rekneskap, årsmelding og evt. andre aktuelle årsmøtesaker. Gendalaget vil kome attende med dato for dette. Til dette årsmøtet vil det nye styret også legge fram ein arbeids- og møteplan for 2015.

 

Styret i Eikefjord grendalag