Fylkets
første driveinn kino vart ein suksess. Over 100 personer såg filmen som gjekk på stort lerret på idrettsbana. Mange biler var stilt opp på løpebana og hadde fin utsikt til lerretet som var spent opp omtrent der målet står til vanleg. Foran bilane var det sett opp stoler der mange også hadde benka seg.
Eit godt tiltak som som arrangøren Eikefjord Ungsomslag gjerne arrangerer igjen.

Også barnekinoen tidlegare på kvelden var bedre besøkt enn vanleg. Fleire foreldre hadde parkert sine barn på kino og gjekk vidare til sentrum og fekk med seg folkelivet og opningane av utstillingane der.