Eikefjord banda «Demolition Crew» og «Tinitus» gjekk vidare fra den kommunale finalen i Ungdommens Kulturmønstring.
Det har vore ein vanskeleg jobb. For det var mange gode innslag, både av bilete og sceneinnslag, skriv dei juryen vidare. Dei ser også fram til å sjå utviklinga til utøvarane.
Demolition Crew – «Valkyrie». Tøff og stilrein metal, meiner juryen. Utøvarane er trygge på kva dei gjer, men dei ulike instrumenta bør tenkje på å gje kvarandre litt rom.
Demolition Crew: Torstein Bergheim Aa, Christian Mo, Sveinung Grønneng Havn, Ole Petter Leversund.
Tinitus – «Mosquito». «Friskt pust!», skriv juryen. Jamt og godt samspel. Bandet skapar god stemning og lagar show på scena.
Tinnitus: Erlend Øren, Christoffer Akselsen, Ola Anders Øren, Evan Alec Spaulding.
Flotte representanter for bydga og flott ungdom!! Viser et gryande musikkmiljø i bygda – begge banda høyrer inn under rockeverkstaden til EUL.