Kategori: Nyhetsarkiv

  • Bingo 25.10

    Det er klart for ny runde med Bingo. På Samlingsheimen ikveld Fredag kl. 1930. Flotte premier. Ta turen:)

  • Open dag Trimbua laurdag 2.november

    Nye Trimbua & styrkerommet har open dag laurdag 2. nov frå  kl 12.00 – 14.00 Her kan du kome og teste kondisjon og styrkeapparat. Rettleiing i bruk av apparata får du med våre instruktørar. Ein kan også teikne medlemskap. – Lettare servering –  Vi sjåast !

  • Nye Trimbua og styrkerommet – Open dag

    Nye Trimbua & styrkerommet har open dag laurdag 2. nov frå  kl 12.00 – 14.00 Her kan du kome og teste kondisjon og styrkeapparat. Rettleiing i bruk av apparata får du med våre instruktørar. Ein kan også teikne medlemskap. – Lettare servering –  Vi sjåast ! 

  • Fotballfest aldersfastlagd torsdag 24. oktober

    Fotballfest aldersfastlagd torsdag 24. oktober

    Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset torsdag 24. oktober kl 18.00-20.00.   Festen er open for alle, så spelarane må ta med seg familie, slekt, vener og naboen.

  • Kino Onsdag 23.10.2013

    Det er tid for kino igjen og dei yngste kan sjå Albert Åberg Hokus Pokus kl 18. Dei over 11 kan sjå Ragnarok kl 20.

  • 50 km/t – kvar

    50 km/t – kvar

    Vegvesenet har justert fartsgrensa på Hovland. Mange som køyrer her til dagen ser ikkje på skilta og køyrer på gammal vane, men no er det verdt å ta ein kikk på skilta utanfor skulen og ute ved krysset i Kvalvika. Her er den nye fartsgrensa sett ned til 50 km/t så no må farten ned…

  • TV-aksjonen

    TV-aksjonen

    TV aksjonen har sine frivillige ute i Eikefjord. Iris og Hjørdis gjekk mellom elvane på Hovland. Litt klingande mynt og mange lapper i bøssa idag.  

  • Topp oppgjer i Bergen

    Topp oppgjer i Bergen

    Eikefjord basket hadde bortekamp mot serieleiar Frøya laurdag i Bergen. Frøya stilte med eit forsterka mannskap kor 2 spelare frå elitelaget var med. Frøya er kanskje det sterkaste laget i 3 divisjon som Eikefjord vil møte. 

  • Trafikkuhell innanfor Sundefjellstunellen

    Ei kvinne i 40 åra vart sendt med ambulanse til sjukehus etter at bilen ho køyrde hamna i fjellveggen like innanfor Sundefjellstunnellen lørdag like over kl 8. Kvinna var åleine i bilen. Det var ikkje vitne til sjølve hendinga, men spor på staden vitneopplysningar tilseier at stor fart kan ha vore medvirkande årsak til uhellet.…

  • Bøssebærarar til årets TV-aksjon

    TV-aksjonen NRK 2013 går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens. Innsamlinga skal føregå komande søndag, 20. oktober. Vi treng framleis fleire bøssebærarar i Eikefjord, for å få dekka heile området. Om du har høve til å bidra denne dagen, ta kontakt med Trine Hovland tlf: 95053098 eller e-post: trine.hovland@flora.kommune.no.