-
·
Tilgang til Trimbua – ny ordning frå 6.november
Takk til alle som har bidrege til at vi har fått realisert “Nye Trimbua & Styrkerommet. Vi har fått nye trivelege lokale som er med å auke trivselen en om ein trener kondisjon eller styrke. Mykje godt dugnadsarbeid er utført, utan frivillige hender hadde det ikkje vore mogleg å realisere “Nye Trimbua” Så igjen, tusen…
-

·
Trimbua offisielt opna
Trimbua er no offisielt opna og på lørdag var det open dag med presentasjon av aktivitetane. Mange fant vegen innom treningslokalene og leder i friidrettsgruppa Andre Høyseth skreiv inn minst 15 nye medlemmar i Trimbua. I tillegg til tidlegare medlemmar i Trimbua og styrkegruppa er det no mellom 50 og 60 som kjem til å…
-
·
Elevbedrift kjem med magasin i desember
10. klasse på skulen har sett seg eit høgt mål. Dei skal lage eit tema-magasin der fokus er på lokalt stoff. Behovet for kompetanse til bedriftene i Eikefjorder også tema og korleis ein kan utdanne seg for å komme tilbake til Eikefjord. Klassen har delt seg inn i redaksjon og markedsavdeling og dei har høge…
-
·
Eikefjord Basket får god motstand i Svelgen
Eikefjord basket skal spele mot Ulriken frå Bergen i morgon laurdag 2 november kl14.30 i Svelgen idrettshall. Ulriken er en av dei store basketklubbene i Norge, dei har spelt i eliteserien i over 30 år. Ulriken spilte forrige sesong i 2 divisjon så dette kan bli ei tøff kamp. Dag Nybø spilte for Ulriken i…
-
·
Open dag Trimbua lørdag
Nye Trimbua & styrkerommet har open dag laurdag 2. nov frå kl 12.00 – 14.00 Her kan du kome og teste kondisjon og styrkeapparat. Rettleiing i bruk av apparata får du med våre instruktørar. Ein kan også teikne medlemskap. Ny aldersgrense for medlemskap: Frå 8.klasse – 13 år – Lettare servering – Vi sjåast
-
·
Bingo 1.nov
Klar for ny bingorunde?? Imårra vert det atter bingo på samlingsheimen, Storbebru kl 19.30. Ta med deg ein venn, eit familiemedlem eller din kjærest og kom på bingo og vinn flotte premiar. 2 bingorunder og mulighet til å kjøpe noko godt i pausen. VEL MØTT.
-
·
Husflidmesse
Det vert Husflidmesse på Allhuset Søndag 3.november med mulighet til å kjøpe flotte husflidvarer, heimelaga lefse og flatbrød. Ope frå kl 12.00-18.00 Sal av rømmegraut, kaffi og kake. Inngangsbill: 15,- Arr: Grendalaget Løkkebø, Svarthumle og Langedal VELKOMMEN
-

·
Dei beste skal til Polen
I februar reiser Mildrid Taklo i saman med 40 av vestlandets dyktigaste strykarar under 19 år til Polen for å knytte vennskapsband over landegrensene. Mildrid er klar på at musikken står i høgsetet hos ho. – Musikken betyr veldig mykje for meg. Den lyser opp kvardagen min, fortel Mildrid til Firdaposten. Les meir i Firdaposten
-
·
ENDELIG I GANG PÅ GROV
På lørdag 26 oktober, kl 14 åpner Florø Motorsport Klubb den minste av dei to Enduro banene på Grov. Dei deler inn i aldersbestemte grupper, så alle skal få kjøre! Vi gleder oss stort, kom og del denne store dagen med oss, seier leder i klubben Isabella Flister.
-

·
Fest i morgon-bli med du og
I morgon laurdag kl 20 brakar det laust med årsfest for idrettslaget og resten av bygda! Bli med du og!