Kategori: Nyheter 2011

Små og store nyheter  Eikefjord i 2011

  • Redusert seglingshøgd

    Det blir redusert seglinghøgd ved Leversund i perioden 7.7 til 16.7. Fjorden vil ikkje være stengd, men høgda midt i fjorden vil være 10 m. Båtar med større høgd kan passere på sørvest-sida av fjorden. Det vil være vaktbåt på staden, kallesignal LK 3633.

  • Straumstans

    Onsdag 7/7 er det straumstans frå Osen til Steindal frå kl 9.00 til ca 13. Hopen og Steinvik blir kobla ut ca 12.30 til 13.00

  • Guttekamp og 3. divisjonskamp på banen

    Guttekamp og 3. divisjonskamp på banen

    Denne uken går følgende to kamper på banen i Kvalviken: -I dag tirsdag går en guttekamp mellom Førde 2 og Førde 3 kl 17.00. Guttespillerne Marius, Espen og Bjørnar i fra Eikefjord spiller på Førde 2 da de skal være med Førde til Dana Cup. -I morgen onsdag går en kamp i 3. divisjon mellom…

  • Gymsalen stengt i sommar

    Gymsalen på skulen er stengt for all aktivitet i sommar, grunna vedlikehald.

  • Hopen med mål i tippeligaen

    Halvt eikefjording og med på A-laget i Sogndal, Ørjan Hopen skora sitt første mål i tippeligaen på Sør arena i Kristiansand  i helga. Om ein trener målbevist og på eit høgt nok nivå er det berre tid og vilje som set stoppar for karieren – ein tankevekker for dei som strever i bunnen av divisjonssystemet.…

  • Trafikkuhell i Sundemyra

    Natt til søndag fekk politiet melding om trafikkuhell på Rv 5 i Sundemyra. Ein bil med henger hadde køyrd i fjellveggen ved Leversund. Hengaren hadde kvelva og lasten låg delvis inne i vegbana. Førar som ikkje hadde førarkort blei køyrd til Førde med ambulanse. Det er rutinemessig teken blodprøve av førar. Sak er oppretta og…

  • Feriestenging Frisørbua

    Det er feriestengt på Frisørbua f.o.m 11.juli t.o.m 30.juli. Velkommen tilbake 1.august 🙂

  • Søndagskafè

    Førstkomande søndag 3.juli kl 13.00- 16.00 vert det søndagskafè på Samlingsheimen, Storebru. Meny for denne søndagen er nakkekoteletter og kjøttkaker med tilbehør. Karamellpudding og Ostekake til dessert. Pris er 110 kr for voksen tallerken og 50 kr for barnetallerken. Desset og kake er 20 kr. Vi ønsker alle både store og små velkommen.                             Arr.komiteèn Samlingsheimen

  • Saga-Florø  på grasbana i dag kl 19.00, samt mykje anna lesning på fotballsida

    Saga-Florø på grasbana i dag kl 19.00, samt mykje anna lesning på fotballsida

    Vi nemnar til dømes 3. divisjonskampen mellom Saga og Florø på bana i dag kl 19.00, månadens Fair Play kamp i fylket med smågutelaget og bilete av damene. Trykk her så kjem ein straka vegen til www.eikefjord-fotball.no  

  • Torsdagstur med friidrettsgruppa

    Torsdagstur med friidrettsgruppa

    Torsdag 30. juni kl. 18.00. Oppmøte ved garasje på Hovland der vi organiserer felles transport til Tonheimstranda. Turen opp til Ytre Strandastølen tek omlag ein time. Vidare til Strandanipa går det òg omlag ein time. Turleder: Marlyn Tonheim