Ein bil havna på taket i nedkøyringa frå Samlingsheimen på Storebru. Bilen trefte ein stein med eine framhjulet, som fekk bilen til å gå rundt i den bratte bakken. Føraren, ei eldre kvinne, kom frå uhellet utan fysiske skader, melder Firdaposten
Politiet har også fått melding om ein personbil i Steinhovden som hadde køyrt i ein mur og vidare inn i eit trafikkskilt og deretter velta rundt. Førar har blåst alkotest som viste at han var edru og rutinemessig sendt til legesjekk.