11 ting du berre gjer på Eikefjorddagane

Du prøver på ting du er litt for stiv, litt for gamal eller litt for utrent til. Det ender sjelden godt, sjå berre på bilete over. Dette skjedde på Eikefjorddagane for to år sidan, og personen på bilete vil naturleg nok vere anonym. -Men det ser jo så moro at du må berre prøve, seier du.
Som til dømes å hoppe på ski på den mobile plasthoppbakken til Noregs Skiforbund.

Eller å ta ein «kontrollert» velt i NAF sin Veltepetter.
I Veltepetter lærer du kor nyttig det er å bruke bilbelte. Du lærar også korleis du med ein effektiv teknikk kan løyse deg ut når du heng opp-ned.
Og du har lært på den harde måten at du tek på deg belte FØR Veltepetter startar, når du ligg og skrik på den strategisk plasserte nabostanden til Norsk Luftambulanse og ventar, på nettopp Luftambulanse.
