Årsmøte Eikefjord hjorteutval

Eikefjord hjorteutval held årsmøte på Allhuset fredag 16.3 kl 19.30.

Skeiv avskyting i Eikefjord storval dei to siste åra betyr store utfordringar når jegarane går til siste sesongen i treårsplanen. I 2010 skaut dei for mange bukkar og i fjor vart det for mange vaksne koller. No må vi til med løyve ned på jaktlagsnivå om vi skal komme i mål med treårsplanen, seier Gunnvar Seljeset til Firdaposten.

Årsmøte får besøk av Linda Bentland frå Norsk Skogeigarlag som vil fortelle om bestandplanlegging og undersøkingar om beitetilhøve i skogane.
Ann Kristin Gaare frå ettersøksringen vil gi ei oppfrisking korleis ein skal oppføre seg dersom er uheldig og skadeskyt dyr og må tilkalle ettersøksekvipasje.

Kilde Firdaposten