PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE EIKEFJORD GRENDALAG 1. MARS 2009
Stad: Allhuset vårt
Tid: Søndag 1. mars kl. 19.00
Til stades: André Høyset
Silje Fraas
Asgeir Holsen
Iris Agledal
Lars Terje Standal
Jon Langedal
Marlyn Tonheim
Reidar Høyset
Marianne U. Knapstad
Magnar Sunnarvik
Per-Øyvind Sørbø
Brigt Samdal
Per-Øyvind Sørbø ynskte velkommen.
Sakliste:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart godkjend.
– Ein diskuterte litt kring om ein burde ha marknadsført møtet betre.
2.Val av møteleiar
Framlegg på Lars Terje Standal.
Lars Terje Standal vart einstemmig vald.
3.Val av referent
Framlegg om Brigt Samdal.
Brigt Samdal vart einstemmig vald.
4.Val av 2 personar til å underteikne møteprotokoll
Framlegg: Reidar Høyset og Asgeir Holsen.
Reidar Høyset og Asgeir Holsen vart einstemmig vald.
5.Årsmelding 2008
Per-Øyvind Sørbø gjekk igjennom Årsmeldinga.
Årsmeldinga vert oppdatert med kven som er i styret.
Årsmøtet hadde ein god diskusjon for/imot fyrverkeri og resten av årsmeldinga.
Årsmeldinga for 2008 vart einstemmig godkjend.
6.Rekneskap 2008 og budsjett 2009
Andrè Høyset gjekk igjennom rekneskapen for 2008.
Årsrekneskapen vart einstemmig godkjend med forbehald om revisorgodkjenning i etterkant. Andrè Høyset gjekk i gjennom budsjett for 2009.
Årsmøte godkjende einstemmig budsjett for 2009.
7.Arbeidsprogram 2009
Per-Øyvind Sørbø gjekk igjennom arbeidsprogrammet 2009.
Årsmøtet godkjende einstemmig arbeidsprogrammet for 2009.
8.Val
Valnemnda la fram forslag til val.
Årsmøtet valde 3 personar som stod på val:
Marianne U. Knapstad – attval
Magnar Sunnarvik – attval
Iris Agledal – ny
Ny valnemnd:
Susette Rockwell Esp
Margunn Bakke
9.Open debatt
Per-Øyvind Sørbø innleia til debatten.
Korleis involvere bygda?
Framleis bygdemøte
Framtidsverkstad
Flyers / DM
Opprette/få liv i eit diskusjonsforum for bygda?
Koordinerast med www.eikefjord.net (som fungerer særs bra)
Bruk av enno meir midlar til Kyrkjebukta?
God stemning for framleis å utvikle stranda/promenade
Møteplassar
Viktig å kunne sluttføre dette prosjektet
Kan ein bruke vidaregåande skule?
Kioskløysing?
Skuleutbygging
Planane er i gong (rentefrie lån, god politisk vind, +++)
Ungdomslokale
Allhuset vårt er ofte for lite
Revy-moglegheiter
Korleis skal bygda delta?
Folkemøte 10. mars 2009
Nettbasert ”Byttearena” for små og store produkt
Eikefjord, 1. mars 2009
Reidar Høyset Asgeir Holsen