Alternativ trasse presentert for kommunen

Grunneigarar og bygdefolk i Eikefjord, på Storebru og Knapstad vil ikkje ha den vedtekne Kv420-kraftlinja like ved husa sine grunna strålingsfare. No har dei komme opp med ein alternativ trasé lenger nord, som vil skåne busetnaden og gardane som i dag ligg under 400 meter frå dei vedtekne planane til Olje og energidepartementet.

Fredag vart skisser med alternativ trasè utanom gard og hus, presentert for kommuneleiinga. Med på møtet var også advokat Magne Revheim frå Bergen, som førebels er hyra inn av grendelaget i Eikefjord for å få ei juridisk vurdering på sine posisjonar i forhold til vedtaket til OED.

– Å få endra traseen fullstendig tilbake til NVE-traseen trur eg vil vere svært vanskeleg, konstaterer advokat Revheim.

Han meiner det mest fornuftige i saka er at grunneigarar og Flora kommune kan bli einige om justeringar for traseen.

Les meir i Firdaposten