Salmontunet- Ein kultur og aktivitetspark for alle


I 2021 starta ei prosjektgruppe med å jobbe fram ide om ein park på Salmontunet. Tomta er sentrumsnær og eigd av Kinn Kommune. Eikefjord Grendalag har tatt initiativ til å utvikle tomta og bygge ein park som skal kunne nyttes av alle.

Kva parken skal innehalde, ville Grendalaget at bygda skulle være med å bestemme, og inviterte dermed til eit folkemøte hausten 2021 for at innbyggjarar i Eikefjord skulle kome med innspel og idear. Mange gode idear har kome fram, og i grove trekk er det bestemt at parken skal innehalde:

  • Overbygd scene

  • Nedfelt tribune

  • Gapahuk

  • Leikeapparat

  • Benkar og samlingsplass

  • Opne grøfter

Parken er under full planlegging og situasjonsplan er teikna. Grunnarbeidet vil startes ila sommer/haust og parken er planlagt ferdigstilt innen 2 år.

Arbeidsgruppa som jobber med prosjektet er Silje Fraas Øren, Anders Ole Sunnarvik, Mona Ødegård Standal og Lars Fraas. Eigar av prosjektet er Kinn Kommune ved prosjektleder Anders Espeset.

Bildet under viser eit forslag til ei skisse over korleis tomta kan disponerast.

Her kan de sjå inspirasjons-bilete for leikeapparat, sitteplassar og scene. Bileta er kun meint til å få tankane til å begynne å surre om kva som er mogeleg å få til på plassen, og er ikkje eksempel på korleis det faktisk kjem til å bli.

Forrige
Forrige

Velkommen til Eikefjorddagane 2022

Neste
Neste

Nytt styre i Eikefjord grendalag