Nyttårsmarsj 01.01.21 kl 15.00-17.00
Grendalaget ønsker saman med Idrettslaget å bidre til at vi startar det nye året med litt mosjon blanda med utetid og sosial samvær. Kva er då bedre enn ein nyttårsmarsj med nokon stopp innover vår nye tursti i Sørmarka?
Det vil vere anledning for barn å vere med på JULEGAVEJAKTA innover turstien. Det er hengt opp ulike postar med spørsmål som ungane ilag med voksne kan delta og få flotte premiar. Ingen aldersgrense!!!!
Turen startar ved Båthavna der ungane får utdelt ark og penn og det er mulighet å få kjøpt seg ein fakkel som vil lyse opp turen og gjere den endå koselegare. Deretter går turen innover Sørmarka. Det vil vere anledning til å få seg noko varmt å drikke samt noko godt å bite i på ulike stopp i skogen. Kanskje vankar det ein overraskelse eller to???
Turen går i ein sirkel og endar ved servicehuset på stranda der det er utdeling av premiar til ungane og ein varm kaffi til dei voksne.
Vi minner på at ein må vise hensyn til FHI sine smittevernsreglar og holde avstand. (https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/)
Vi håpar å sjå deg på Nyttårsmarsjen Fredag 01.01.21 kl 15.00-17.00