Det gavmilde hjørnet
Grendalaget samla lag og organisasjonar i Eikefjord til ein samankomst på Allhuset onsdag kveld. Mange var spente på kva som låg bak denne invitasjonen, og kvifor nå tett oppunder jul….
2020 har vore eit annleis år, der ein har måtta tenke nytt i form av drift og aktivitetar. Dei fleste har ikkje hatt noko aktivitet, og derfor inga inntekt. Grendalaget har i høve Eikefjorddagane betalt ut ein sum til alle lag og organisasjonar som bidreg på dugnaden. I år har det ikkje vore Eikefjorddagar, og difor inga utbetaling. Men det ville vi gjere noko med. Grendalaget kan ikkje dra i land alt vi driv med utan hjelp frå dei ulike laga i bygda, så onsdag kveld tok vi på oss både nissehue og spanderbukser, og overraska laga med ei helsing og pengegåve no til jul.
Grendalaget har sett av litt ekstra etter Eikefjorddagane for å ha til ein regnværsdag, og 2020 må vel kvalifisere til å vere det. Då er det ekstra kjekt å kunne dele litt med dei som gjer det mogleg å gjennomføre eit slikt stort arrangement.
I tillegg var det interresant å høyre med alle laga kva året har gitt, og kva dei ser føre seg i det nye året. Slike dialogar er nyttige og viktig for forståing og samarbeid i bygda.
Eit kulturelt innslag av Emil Alexander Sæterlid var med på å gjere kvelden til ein kjekk og trivelig kveld.