

I samsvar med dagens smittevernstiltak i høve Korona, har grendalaget beslutta å ikkje organisere strandryddedagen no i vår/sommar.
Det vi oppmodar til er å bruke strandrydding som familieaktivitet, eller som eige initiativ.
Grendalaget har fått midlar av Fjordane friluftsråd til rydding av marin søppel i Eikefjord. Vi vil bruke desse midlane til premiering for innlevert fulle søppelsekker. Sekkane kan du levere til servicehuset ved Miljøstranda. Premieringa skjer i form av eit lotteri.
Skulle du ikkje klare å fylle sekken heilt opp tar vi den fortsatt imot og du er framleis med i trekning av premie!
-
Hent søppelsekk på skulen (er skulen stengt kan den hentast i Nedre Sørgard 1)
-
Fyll opp søppelsekken med marin søppel
-
Ja takk, til all plast, isopor, fiskeriutstyr, plastflasker, bomullspinner, tau og taustumper, glass, metall, papir, gummi, trevirk(impregnert), elektrisk avfall, matavfall, dekk
-
Nei takk, til mineralsk olje, vegetabilsk olje, parafin, kjemikalier, biologisk nedbrytbart avfall frå fiskenæring og akvakultur
-
Når du har fylt opp sekken (treng ikkje vere heilt fullt :-)), leverer du den på servicehuset ved Miljøstranda
-
Ta bilete av sekken og send til Eikefjord grendalag med pm i messenger (grendalaget må vere informerte for å kunne sette sekken inne, inntil ein viss mengde kan køyrast til SAR)
-
Lever loddet til Eikefjord grendalag si postkasse på Spar, eller til ein av styremedlemmane i grendalaget.
-
Vi vil trekke to vinnarar 1. september. Premien er eit gåvekort for ein kayaktur, verdi kr 2.500,-
-
Alle lodd er også med i trekning av premier frå Kystlotteriet, i slutten av året.
Ta gjerne kontakt med grendalaget om du har spørsmål.
Strandrydding i Eikefjord skjer i samarbeid med Fjordane friluftsråd http://www.fjordanefr.no/
