FAU ved Eikefjord skule vil arrangere storforeldremøte retta mot ungdomstrinnet og andre interesserte måndag 8. april kl. 1800-2000 på skulen.
Her er tenkt eit samarbeid med ungdomslaget, grendalaget, skulen og idrettslaget m.fl. mellom anna for å bidra til rusfrie treffstader for ungdom på deira premisser, men med tilrettelegging frå foreldre/føresette. Eit døme kan vere fredagsklubb på ungdomslokalet ved/bak idrettshallen på skulen.
Sett av tida, og oppmodar om å kome på møtet – og «spre ordet»/meldinga for å få eit godt møte/godt oppmøte.