Heim med treningslyst i bagasjen?

Eikefjord treningssenter (ETS) opnar for bortebuarmedlemer; medlemer over 16 år som bur borte, og berre treng ETS i periodar dei er heime.

Dei som ynskjer bli BB-medlemer sender melding med

Namn – fødselsdato – adresse – e-post – mobilnummer – treningsperiode (dato start – slutt)

samt skjermbilde av kvittering/Vipps for betalt periode til ETS.Eikefjord@gmail.com.

Dersom du er under 18, må føresette garantere for deg ved å signere skjema i hallen.

Personleg nøkkelkort vert å signere ut/hente hjå driftsoperatør i opningstider

måndag-torsdag 16:00-22:00.

Meld frå om det ikkje er råd å hente kort personleg innan desse tidene, så ordnar vi det.

Ved seinare treningsperiodar, melder du frå om, og sender kvittering for betaling for ny periode til same e-postadresse. Nøkkelkortet ditt vert då aktivert for perioden du betalar for. Du må ha betalt aktuell periode før kortet vert aktivert.

Prisar:

Helg:               datofest tor-sun                      150,-

Veke:               datofest sjudagar periode      200,-

To veker:         datofest to veker periode       250,-

Månad:            datofest månadsperiode        400,-

Ved tapt eller øydelagt tilgangskort må ein betale 150,- for nytt kort og vidare tilgang på tenester.

Vipps til EIL Friidrett #135370. 

Venleg helsing

Cathrine Holsen Gardner

medlemskontakt

for ETS, EIL Friidrett.

ETS.Eikefjord@gmail.com/46681680