Vil du vere med å utvikle framtidas idrettstilbod i bygda ?

Eikefjord har tradisjon for å ha eit rikt organisasjonsliv og idretten er sentral i dette tilbodet.  

Eikefjord Idrettslag friidrettsgruppa  har siste året teke ansvar for det nye treningssenteret i fleirbrukshallen. Her er fokus å drifte tilbodet på dugnad for å halde medlemsavgiftene lågast mogleg.

Vi har etablert INC Eikefjord – løpskarusell med 4 løp på Storebru inkludert maraton. I tillegg kjem motbakkeløpet Hovlandstølen Opp – tilsaman har det vore over 450 startande på desse løpa i 2017, som truleg er rekord i bygda kva gjeld tal deltakar på mosjonsløp.

I tillegg kjem det viktige arbeidet med barnidretten med fast treningar i hallen og barneløp i alle karuselløp for vaksne. I tillegg er det eigen barnekarusell på stadion med klassiske friidrettsdisiplinar på vårparten.

I samband med val på styre i fridrettsgruppa er det fleire som ønskjer avløysing etter mange år med verv i idretten.

Vi ønskjer difor at du som leser dette, vurderer om du kan gjere ein jobb for idretten i bygda – og husk at ditt bidrag gjer oss i stand til å halde fram med desse tilboda. Ta gjerne kontakt med valnemnda direkte med ditt kandidatur eller spel inn forslag på andre kandidatar.

Valnemnd: Edvin Halvorsen og Anstein Aa  evt. send forslag til ets.eikefjord@gmail.com

Med helsing

André Høyset
Leiar EIL friidrett