Trimbua er på flyttefot til nye lokale i 2. etg fleirbrukshallen.
Vi har mange oppgåver med montering av nytt utstyr og innfasing av prosedyrer kring tilgang til lokale med huseigar.
Vi tek sikte på gradvis opning av lokala i veke 35 / 36. Alle nye og gamle medlemmer må fylle ut skjema:
1) Ny mal autogiro
2) Stadfesting medlemskap ungdom under 18 år
3) Skjema for reg. i minidrett hjå Noregs Idrettsforbund
Desse skjema kan du hente i våre gamle lokale eller fylle dei ut med vakta i fleirbrukshallen som er tilstades i hallen frå 16.00 – 22.00 måndag til torsdag.
Alle reg. skjema kan du levere til ein av oss i friidrettsgruppa eller vakta i fleirbrukshallen.
Vi kjem med løpande statusoppdatering på facebooksida : https://www.facebook.com/TrimBua
Vi beklager manglande tilgang nokon dagar framover, men gled dykk – vi har kjøpt mykje nytt utstyr- Helsing styret i EIL friidrett
André Høyset – Arne Løkkebø – Marius kjellevold – Kenneth Fotland
– Helge Heimseter – Cathrine Holsen Gardner –