Vi minner om at Eikefjord idrettslag friidrettsgruppa inviterer til 2 km barneløp med tid kl 12.00 laurdag 10.september.
for aldersgruppa under 13 år. Løypa går frå Storebrukrysset og inn mot Endestad.
Vi håper spesielt denne gruppa vil kome til Storebru denne dagen. Vi må ha nye rekrutter inn i friidretten og då er dette ein veldig fin måte «å få øvd på løping»
Det er viktig at vi får løpt no i tida utan gymsal og at vi ikkje misser forma til storhallen er på plass !
Vi voner såleis at alle foreldre med barn inntil – 12 år kjem til Storebru med nye rekruttar !
Foreldre kan gå / løpe med borna alt etter kva som høver, det er ingen nedre aldersgrense.
Alle born får sjølvsagt medalje – det er ikkje klasseinndeling eller rangering etter tid.
Kl 13.00 blir det start 5 km og 10 km – frå Storebrukryss – retning Løkkebø.
Sjå også vår nye nettstad: http://eikefjord-lopskarusell.no eller fjesboka:
https://www.facebook.com/Eikefjord.Lopskarusell/?fref=nf
Vi sjåast på Storebru