Eikefjord grendalag søkte i mars Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om støtte til innkjøp av diverse utstyr i hallen. Onsdag kom meldinga om at dei hadde vedteke å støtte bygda med kr 100 000,-. Dette kjem godt med når vi veit at det trengs store investeringar til sceneutstyr, dekketøy til fleire hundre personar, lagerutstyr mm. Vi er særs takksame for støtta!
Sparebankstiftinga med gåve til fleirbrukshallen!
·