Onsdag 11. februar vert det kalla inn til nytt folkemøte om fleirbrukshall, på Allhuset kl. 20.00.
Grendalaget vil her informere om kor langt vi er komne i prosessen i forhold til økonomi/finansiering og opne for alle gode innspel til vidare arbeid. Vi har kort tid og må dra lasset saman for å kome i mål innan fristen. Kvar og ein i bygda er viktige og vi håpar difor så mange som mogleg tar turen til Allhuset denne onsdagen! Vel møtt!
«Vi kan, og vil, og folk frå Eikefjord får det til!».