Tilgang til Trimbua – ny ordning frå 6.november

Takk til alle som har bidrege til at vi har fått realisert “Nye Trimbua & Styrkerommet.
Vi har fått nye trivelege lokale som er med å auke trivselen en om ein trener kondisjon eller styrke.

Mykje godt dugnadsarbeid er utført, utan frivillige hender hadde det ikkje vore mogleg å realisere “Nye Trimbua” Så igjen, tusen takk for vel utført arbeid.

 

Tilgang til Trimbua frå onsdag 6.november:
Tilgang til lokale er frå denne dato berre for betalande medlemmer. Medlemmer får adgangskort, med Anstein Aa eller Arne Løkkebø. Ordning med felles nøkkel utgår. Det blir ikkje utlevert adgangskort ,viss ein ikkje er betalande medlem eller har teikna ny autogiroavtale med André Høyset.

Inngang er på sørsida av lokale v/ gamle frisørsalongen.

Medlemskap ? Send sms til 915 20 807 med namn og din e-post adresse, så får du tilsendt autogiroavtale med mnd trekk kr 199,- vaksen / 149,- 13-19 år +  frå 65 år

Medlemskap er personleg og adgangskort kan ikkje lånast bort.