Nedenfor er nevnt nokre aktivitetar som er lett å organisere frå Eikefjordområdet.
Sjå også innom lag og organisasjoner for organiserte aktiviteter.
Aktivitetane er ordna alfabetisk
Bading
Eikefjord har ei flott badestrand på Sørbøen. Anlegget har garderobe med dusj og toalett og ute er det god plass for leik både i vatnet og på land for store og små.
Vinterstid er Havhesten i Florø, med 25m. baseng, terapi- og barnebasseng eit godt alternativ for å holde seg i form.
|
|
Fisking i sjø
Eikefjorden Det er ikkje så mykje fisk i Eikefjorden, men snakker du med lokalkjende har dei sikkert ein plass der du får fisk. Inne på vågen i Eikefjord kan du prøve deg på ålefiske. Skal du prøve deg frå land er det verdt å reise ut i Leversundet.
Osstrupen Ved brua i Osstrupen er det alltid fisk å få. Her er det god tidevannsstrøm. Har du tilgang på båt kan du prøve deg helt inn til elvemunningen i Osen.
Havfiske Kontakt Vestkysten Reiseliv i Florø for fisketurer med båt i havgapet utanfor Florø.
|
 |
Fisking i elv
Osenvassdraget Nederste del av vassdraget er utleigd mesteparten av sesongen, men enkelte grunneigarar leiger ut fiskerettane sine.
Vidare oppover vassdraget frå Blåmannsvatnet til Krogstadvatnet blir det selt fiskekort av grunneigarane. Her får du mest kjø, men det er laga laksetrapp så laksen vandrar heilt opp i Krogstadvatnet.
Naustdal Nausta er rekna for ei god lakseelv. Fiskekort kan du få kjøpt hjå grunneigarar eller på bensinstasjonen.
Norddalsfjord Lakselva i Norddalsfjorden er eit godt alternativ til andre meir kjente lakseelvar. Lokale fiskeentusiastar har bedt om at eikefjord.net ikkje tipser sine lesere om denne «billige» elva. Fiskekort kan du få kjøpt hjå grunneigarar eller på butikken
|
Det er viktig å ha utstyret i orden.
|
Fisking i vatn
Fjellvatna rundt Eikefjord I fleire av fjellvatna rundt Eikefjord er det bra med fisk. Ta med fisketroa på fjelltur og ta med deg ein middag heim.
Vatn mot Hyen I vatna på denne strekninga får du mest kjø, men det er laga laksetrapp så laksen vandrar heilt opp i Krogstadvatnet. Husk fiskekort
|
 |
Fjellturer
Rundt Eikefjord er det mange fjell som egna seg for fjellturer. Det er bratt tereng som skal forserast før ein er oppe i det fine turterenget.
Sjå linker til venstre for turforslag
|
Stemningsbilde frå Blånipa
|
Fotturer i nærmiljøet
Eikefjord Idrettslag har tilrettelagt stiar på begge sider av fjorden. Dette er godt opparbeidde turstiar der stien frå Rasteplassen mot Kvalvik og Stien i Sørmarka er egna for barnevogn.
Sjå aktiv fritid
|
Veret er ikkje alltid det beste – så kle deg riktig også for ein kort tur.
|
Havrafting
Kystraftingtilbyr tur med hurtiggående gummibåt i skjærgården i Florø.
|
 |
Motorsport
I Kråkenesmarka utanfor Førdeer Kråkenesmark Motorsportssenter etablert. Her er gokartbane og bane for bilcross/Rallycross. Meir informasjon/bestilling:
http://www.nmksunnfjord.no/eller tlf 95 43 90 30
|
 |
Padling
Sjø Kalveskinnshavet, som er indre del av Eikefjorden, er godt egna til kano og kajakk. Man er i ly av fjella på alle kanter så vinden tar ikkje så mykje her inne. Det er også fullt av lune viker som man kan ta ein kvil i.
Vatn Mot Hyen er det fleire vatn som er fine til padling. Spesielt kan nevnast stranda i Bogen. Denne ligg i inste enden av Løkkebøvatnet heilt bortunder fjellet. I kvart vatn finn du slike idyller som er vert eit besøk.
Nesholmen Leirstad har utleige av kanoer og kajakker.
|
Vær forsiktig når du padler i vatn. Kjem du inn i elva er det ikkje godt å vite kor ferda går.
|
Ski
Fjellturer Fjella rundt Eikefjord er ikkje mykje brukt til skiturer da det er tungt å komme seg opp i det fine skiterenget. Er du først oppe er det fleire fine turer ein kan velge.
Turen til Blånipa som er beskreve i Fjellweb anbefales ikkje pga rasfare
Alpin Blomlia i Førde og Bjørkelia på Jølster er to mindre anlegg med utleige av skiutstyr.
Langrenn På Humlestølen har Skigruppa i Eikefjord IL eit topp moderne skianlegg med langrennsløyper og aktivitetsbakke.
|
Det er ikkje nødvendig å prøve alle nedfarter når du går på ski
|
Sykling Landevei
Eikefjord – Stavang – Naustdal – Ramsdalsheia Dette er ein tur på ca 90 km . Mesteparten av turen går på Fylkesveger som ikkje er mykje traffikert. Ramsdalsheia er tung å forsere uansett hvilken veg du sykler. Eit alternativ kan være å bli kjørt opp på Ramsdalsheia og sykle derfrå. Turen blir då 17 km kortare og mykje lettare.
Tunellen på Ramsdalsheia er no stengd for all trafikk, også gåande.
|
Det er viktig å ha utstyret i orden når du skal på sykkeltur.
|
Sykling Terreng
Gamle Øyravegen Lettast tilkomst er gjennom tunet til Steinar Knapstad ned bak løa og innover langs bøen. Her starter ein hard mota som du skal være god for å klare å sykle opp. Vidare innover kjem du til ei myr. Denne skal forserast, vegen fortset innover og er no grei å følge inn på Øyra.
Storebru – Brekka Frå krysset på Storebru kan du følge vegen ned langs elva. Du kjem til slutt opp på vegen til Myrane, denne syklar du oppover og kjem opp på Brekka.
Knapstad – Sørgard . På bakketoppen utanfor Utstillingsplassen går ein veg nedover. Følg denne og sykl over elva og vidare opp og utover. Du sykler utover og har gardane på Knapstad til høgre. I neste mota skal du ut i terenget, det går ein godt opptrakka sti utover som ender opp i vegen som kjem frå Sørgard feltet.
Hovlandstøylen Det er fleire alternativ i den første delen. Ein går opp innanfor tunellen, ein over tunellen, men den som er lettast går frå Bulder fossen og opp den vegen som er beskrevet i fjellweb. Dette er ein tøff tur med mykje mota.
|
Terengsykling kan by på mange utfordringar og ofte kontakt med moder jord.
|