2012-Tine-Fotballskule-i-Eikefjorden-Torsdag 250

Myldrekveld på bana i morgon for store og små. Bli med du og!

2012-Tine-Fotballskule-i-Eikefjorden-Torsdag 250I morgon onsdag 26.september kl.18.00 -21.00 vert det myldrekveld på Eikefjord stadion -kunstgrasbana. Bli med du og!

Fotballen ynskjer ALLE velkomen til ein felles kveld for fotballfamilien og andre i og utanfor bygda, dvs spelarar, trenarar, foreldre og alle som likar løkkefotball.

Ta turen på stadion i morgon onsdag, det vert aktivitetar for små og store.

Bilete er i frå Tine Fotballskule i sommar.

.

-18.00     Kamp G 9  Eikefjord-Florø

-19.00     Merketaking (Raudt-blått merke, bronse-sølv og gull)

-20.00     Show kamp mellom EIL Fotballstyre –smågute/småjente.  7-ar

 -21.00    Manchester United-Newcastle United i klubbhuset

Kveldens speaker i showkampen i flomlyset lovar god musikk i frå ein slik nymoderne CD-spelar kopla til heile to høgtalarar. Truleg kjem speaker med ein del ytringar som heilt klart ikkje passar seg på trykk.

 Fotballstyret stiller med Janne frå Stranda i mål og spissbukk vert Galne Ole på topp. 

Ballfordelar er den alltid smørblide Anne-Len, medan innleigd duskedame, samt formasjonen er førebels hemmelegstempla dokument.

Smågutespelar Kristoffer Hopen er ansvarleg for smågut-/småjentelaget. Som ein vaskeekte  Hopen så set Kristoffer seg sjølv rett inn i startoppstillinga. Med seg tek han Chris Ronny, Mathias “Slegga” Knapstad og Solvangen. Desse karane har med seg tre jentespelarar, men kven desse er held han for seg sjølv.

 -Møt opp og sjå, fortel ein ordknapp Kristoffer. 

Merketaking

Fotballferdighet = Valg av handling + utførelse av handling til fordel for laget. NFFs merkeprøver dreier seg om teknikk (utførelse) og ikke valget, som jo er en sentral del av fotballferdigheten og som må trenes på i andre sammenhenger (mye småspill).

Minimerket

Alle gutter og jenter kan ta Minimerket I og 2 til og med det året de fyller 12 år. Minimerket består av to nivå, Minimerke I (blått) og Minimerke II (rødt). De som ønsker å gå videre til Teknikkmerket bør først ha tatt Minimerke I og 2.

Teknikkmerket

Alle gutter og jenter kan ta Teknikkmerket til og med det året de fyller 14 år. Teknikkmerket finnes i fem ulike varianter; blått, rødt, bronse, sølv og gull.

Trykk her så ser ein kva øvingar spelarane skal igjennom. (Det er fritt fram for spelarane å utfordre sine foreldre i dei ulike øvingane)

 

Dommar i showkampen er Per Endestad. Ein reknar med publikums rekord og kiosken er sjølvsagt open heile kvelden.  Felles innmarsj og Fair Play helsing er obligatorisk.

Det er opna for spel på Oddsen i fylge A-laget sin trenar Håvard Mjølkeråen.

Rykta går på at det er spelt mykje på denne kampen, fortel han vidare. 

Let the game begin…