Eikefjord IL Fotball arrangerer Fargerik fotballturnering i Eikefjord laurdag 22.september. Dette er ei uhøgtidleg fotballturnering som set det sosiale i høgsete, og der ein skal ha det moro.
Går du i 5., 6. eller 7. klasse?
Då vil Anne-Len og fotballgruppa ynskje nettopp deg hjarteleg velkomen til bana i Eikefjorden denne laurdagen!
NFF har fokus på vold og rasisme i sin markedsføring av turneringa. Vi inviterer elevar frå 5.-7.klasse i nærområda og asylmottaka i Sogn og Fjordane. Dette vert den fyrste Fargerike Turneringa i fylket. Bli med du og!!!!
Det vert spelt 5 –ar fotball. Keeper + 4 utespelarar og inntil 3 reservar på kvart lag. Det er gratis påmelding og vi ynskjer blanda lag av jenter og gutar , og helst ingen topping av laga. Det vert ikkje ført opp resultat, men alle får diplom og premier.
Det vert premiering av laget som har det artigaste namnet, det artigaste kostyme og beste heiagjeng . Trekk gjerne inn foreldre eller lærarar til å være lagleiarar .

INFO :
- Lørdag 22.September
- Eikefjord stadion
- Start kl 12.00
- Ingen påmeldingsavgift
- Open kiosk
- Blanda lag ( jenter –gutter )
- Max 8 spelarar pr lag
- Kvart lag må ha ein lagleiar
- Ingen resultat vert offentliggjort
- Premier til lag som har navn,kostyme etc
- Alle får diplom og premie
- Kampane varer i 15 min
For påmelding nytter du vedlagt skjema og fyller ut med navn på spelarane.
Hugs 1 kontaktperson pr lag og tlf nr og mail til denne personen.
Påmelding : EIL Fotball v /Anne-Len Vågane : annelenv@hotmail.com«>annelenv@hotmail.com / mob 413 20 351
Les meir om Fargerik Fotballturnering hjå eikefjord-fotball.no her
Påmeldings skjema:
Navn: ______________________________________
Adr: ______________________________________
Kontaktperson: ______________________________
Mobil + mail adr: _______________________________________
Spelarar:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8 .