Vegvesenethar gjennomført trafikktelling på begge sider av sntrum. Den eine tellinga var ved busstoppen på inste Hovland og den andre rett nedanfor kirka. Tellingane skal brukast i planlegging av vedlikehold av vegane fortel Kai Roger Haugen på vegkontoret i Sogn.
Tellingane registrerer fart, størrelse på køyretøyene, retning dei køyrer i og tid på døgnet. I statestikkane som kan bestillast hos vegvesenet er det gjennomsnittshastighet og antall biler i døgnet som er dei mest spennande data for menigmann.
For begge målepunkt er gjennomsnittshastigheten 50 km/t. Dette er overraskande spesielt for Hovland der fartsgrensa er 60. Busstoppen og trafikken opp Hogavegen drar nok dette gjennomsnittet kraftig ned. Registrert hastighet på biler som tar av er nok rundt 10-15 km/t.
I gjennomsnitt passerer nesten 1000 biler i døgnet på Sørbøen, medan 850 passerer på Hovland. Dette er beregna gjennomsnitt for heile året.
Sjølv om statistikken ikkje viser høgste fart i området har oppsittarane på begge sider av fjorden lagt merke til svært høg. Spesielt av ein motorsykkel. Alle veit kven det er og vi ber vedkommande roe seg ned og ta sine race utanfor tettbygd område.