Politiet fekk melding om at ein mann i 40 åra var blitt angripen i Eikefjord sentrum. Han var blitt slått ned bak frå og sparka slik at han vart påført skadar. Han måtte oppsøke lege og vart vidaresendt til Førde sentralsjukehus. Det skal vere to unge menn som er gjerningspersonar. Desse var ukjende for den fornærma i saka og hendinga skjedde umotivert. Politiet har leita etter dei i Eikefjord utan resultat. Dersom det er vitner til hendinga som skjedde ved den nedlagde butikken i sentrum ber politiet om at dei tek kontakt på tlf. 02800 .Det vert oppretta sak som blir vidare etterforska av Flora politistasjon.
Mann angripen
·