Ulovleg bossdumping ved Storebru

Firdaposten har fått melding om ulovleg bossdumping i eit skogsområde ved Storebru. Møblar, rivingsmateriell, diverse jordbruksutstyr og kadaver låg om ein annan.
Heidi Dyrøy i Flora kommune ser alvorleg på saka og vil i første omgang skrive til grunneigaren og be han rydde opp. Dersom han er uvillig til dette kan kommunen skrive ut tvangsmulkt.

Les meir i Firdaposten lørdag.

Kommentar: Grunneigar seier dette er ein gammal bossplass der bosset blir gravd ned etter kvart.