Kunne du tenke deg å starte dagen med å ete frukost i Amerika, ta middagen i England, for så å runde dei heile av med tradisjonsrik kveldsmat i gamlelandet? I år har du sjansen til å la draumen gå i oppfylling. 17. august dukar Koriander bordet i Eikefjord kyrkje og seier: Kom, sjå, høyr og nyt!
Som vanleg byr ”krydderkoret” på solid kost frå ein variert meny. Supertramp er allereie introdusert, men frå ”Breakfast in America” tar koret deg med til Evert Taube sitt rike og lar sommarvinden stryke deg om kinn i ”Vals på Angøn”. Koriander elskar å lovprise kjærleiken, på mange vis. Så gløym verda og kvardagsstrevet og lat deg ”Swaie” inn i augustikvelden – du veit. Men ein kyrkjekonsert har også klare religiøse overtonar. Difor serverer Koriander noko av det finaste innan gospel/soul tradisjonen, og dei som diggar Eva Cassidy, kan glede seg vilt og hemningslaust. Her er rosina i pølsa den glitrande messosopranen Grethe Berntzen frå Bremanger. Både åleine og saman med vår alles kjære Laila B. Førde og sjølvaste Il Mastro Brigt Samdal er ho med å ta konserten til nye høgder.
Hus-band høyrer med på ei skikkeleg kveldssete, og her er gromgutane Jarle Grotle(tangentar) og Steinar Karlsen(gitar) på plass, samt grommetausa Laila Beate Førde (sax). Det må berre opplevast når Jarle Grotle i rein John Lord stil, fyller kyrkjerommet med sakral pop/rock tett følgd av magiske tonar frå Steinar Karlsen sin gitar, i spedd rå og rivande barytonsax frå Laila B. og det heile drive fram og rytmisk komplettert av Øyvind Solheim.
Vi trur alle skal finne noko dei likar på menyen, men vi garanterar ikkje at du blir mett – heller at opplevinga vil gje meirsmak .
Konserten startar kl. 20.00 og dørene opnar kl. 19.00.
Førehandssal av billettar på Spar Eikefjord.