Eikefjord vart som kjend årets Fair Play klubb i Sogn og Fjordane i 2011. I samband med dette vert klubben invitert til samling i NFF-teltet på Ekebergsletta under Norway Cup i dag onsdag kl 10.30.
NFF fortel at dei tek imot laga med foreldre, leiarar og alt som er, til en avslappa prat om Fair play med store og små, samt litt utdeling av litt gåver. På denne måten gjer ein litt ekstra stas på klubben.