Onsdag sende ordføraren ein e-post til Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine fylkesrepresentantar på Stortinget, med ei heilhjarta bøn om draghjelp. Målet er å få Statnett til å justere traseen for linja slik at den i størst mogleg grad sparer innbyggjarane i Eikefjord og på Storebru.
– Eg har full forståing for at innbyggjarane på Storebru er fortvila, men dei må skyte på dei som har ansvaret. Det er ikkje Flora kommune som har ansvaret her, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen (H)