20120705-250-vifte

Riksveg 5 stengd i Sundefjellet

Det er20120705-250-vifte lange køar ved Sundafjellstunellene etter at ei vifte i tunellen skada. Truleg er det ein lastebil som har forårsaka skadene. Også skiltet som heng i byrjinga av tunellen og markerer totalhøyde for køyretøy er bøygd.

Ifølgje operasjonssentralen til politiet var det forbipasserande som melde fra om ulukka, og at dei ikkje har høyrt noko frå sjåføren.

Vegvesen.no melder at vegen er beregna opna kl 15:15

Vegesenet har demontert den ødelagde vifta og det var ei tid manuell dirigering og følgebil gjennom tunellen.
Ein av vegvesenet sine mannskap på plassen fortel at ein lokal lastebilsjåfør har meldt seg og sagt at det var han som kom bort i skiltet ved inngangen til tunellen. Det var boreriggen han slepte som var for høg.