Gratis bibliotekbøker i Eikefjord!

Bibliotekfilialen i Allhuset er no nedlagt. Dagavdelinga/omsorg i Allhuset treng lokalet då det skal opprettast ekstra barnehageavdeling i Allhuset.

I neste veke, dvs. frå 2. juli til og med 9. juli, kan folk i Eikefjord få gratis bibliotekbøker i Allhuset. NB! Du må møte opp på dagtid. Og ta gjerne med noko å bere bøkene i.

Skulen og barnehagen har overtatt mykje av barnebøkene, men det er ein del igjen. Det er elles mest romanar, krimbøker for vaksne og litt faglitteratur.

Hjelp oss å tømme hyllene for bøker, så slepp vi å transportere bøkene vekk eller kaste dei!

Har du spørsmål, kontakt Oddveig Hovland, eller Eli Eidsvik ved Flora folkebibliotek, (tlf 57756055/91338423).