Også i år har Anders Ole og Ragnar i Toppfotball Sunnfjord fått Brann hit på treningsleir.
På torsdag brakar det laust med Brann mot Firda-laget på Florø stadion kl 18.00.
Vel møtt til nye og gamle fotballentusiastar denne torsdagen!
Toppfotball Sunnfjord er tilbake, og atter ein gong er det Brann som kjem til Eikefjorden og Florø for eit treningsopphald og treningskamp.
Torsdag 14. juni kl 18.00 brakar det altså laust på Florø stadion. Brann skal då spele mot eit lag beståande av spelarar frå heile fylket, eit sokalla Firda-lag. Og det er nettopp DU som kan bestemme kva lokale spelarar frå det flotte fotballfylket vårt som skal få lov å møte Brann denne torsdagen.
Gå inn på firda.no og stem på kva lokale spelarar du får sjå spele mot Brann.
Kanskje får vi sjå Eikefjord sin keeper, Tommy Løkkebø, i buret mot raudtrøyene frå Bergen?
