
Stem fram eikefjordingane Tommy Løkkebø og Eirik Fraas slik at dei får ein plass på Firda-laget som møtar Brann på Florø stadion torsdag 14. juni kl 18.00!
Frå venstre:Tommy Løkkebø og Eirik Fraas

Toppfotball Sunnfjord er tilbake, og atter ein gong er det Brann som kjem til Eikefjorden og Florø for eit treningsopphald og treningskamp.
Torsdag 14. juni kl 18.00 brakar det altså laust på Florø stadion. Brann skal då spele mot eit lag beståande av spelarar frå heile fylket, eit sokalla Firda-lag. Og det er nettopp DU som kan bestemme kva lokale spelarar frå det flotte fotballfylket vårt som skal få lov å møte Brann denne torsdagen.
Det nettstaden Firda.no som lanserer 52 kandidatar fordelt på 15 klubbar som kan få sjansen til å spele mot Brann, som er inne i si oppkøyring til haustsesongen.
To eikefjordingar på lista-stem i veg
Ein kan stemme på kandidatar i posisjonane keeper, forsvar, midtbane og angrep og gje ei stemme i kvar lagdel.
På lista finn ein eikefjordingen og A-lagets superkeeper, Tommy Løkkebø. I år har han berre fått fire fattige ballar bak seg på seks kampar for tangotrøyene. Vi tek med at i fjor stod Tommy ein svært så god sesong i 3. divisjon for Florø.
Ein annan eikefjording på lista er Erik Fraas. Den målfarlege spelaren på Førde si midtbane har i fleire sesongar i den kvite hevda seg godt både i 2.-og 3.divisjon.
Gå inn på Firda.no her og stem på desse to eikefjordingane her!