Alex Vassbotten
blei i eit leserinnlegg i Firda omtala på ein negativ måte som han ikkje ville la stå ubesvart. Han svarer Tor Øyvind Westbye, fylkesleiar i Miljøpartiet Dei Grønne i Firda lørdag og innviterer Westbye like godt til Visningssenteret i Steinvika.
Først skriv Alex litt om fiskeoppdrett og skjuler ikkje at dei har ei utfordring i lakselusproblemet, men seier også at oppdrettarane har nådd gode resultat den siste tida.
Han var odelsgut og skulle bli bonde med 60 mål innmark som ikkje er nok til å leve av. Faren starta settefiskanlegg på begynnelsen av 80-talet og råda sonen til å ta utdanning innan fiskeoppdrett – ein svært klok mann. Det er ikkje dyr på garden i Steinvik idag, men bøane er i god hevd og blir leigd ut til ein god nabo slik at han kan fø dyra sine.
I 86 fekk dei matfisk konsesjon og har sidan bygt opp firmaene stein for stein. Dei kunne velje å selje og bli svært rike på kort tid, men dette er ikkje i med i planene. Han liker det han driv med og det er eit utruleg eventyr han har fått vore med på.
Alex er svært innteressert i gamle bilar. Dei som driv med denne hobbyen får ikkje støtte og hjelp av styresmaktene slik gamle båtar kan få, men blir skattelagde med veiavgift slik andre bilar blir.
Les innlegget i Firda lørdag.
