Utvida opningstid for dagtilbodet i Eikefjord

18. mai hadde Firdaposten ei nettsak der Bente Nilsen Halvorsen frå SV seier ho meiner «eikefjordingane med rette kan kjenne seg forbigått i lokalpolitikken». Med dette som bakteppe gler det meg ekstra å kunne kunngjere eit positivt vedtak for Eikefjord fatta i helse- og sosialutvalet (HSU) 15. mai, tre dagar før Halvorsen si mediemarkering.

På mitt initiativ blei det satt ned ein uavhengig komité underlagt HSU som skulle utgreie korleis vi kan få meir kvalitet inn i kvardagen til dei eldre omsorgstrengande i Flora kommune. 15. mai fekk utvalet overlevert rapporten frå komiteen. Eitt av mange gode tiltak komiteen foreslår er knytt til dagtilbodet i Eikefjord. I dag er dagtilbodet stengt seks veker i året, mellom anna fire veker om sommaren. Komiteen meiner dagtilbodet også bør vere ope i desse tidsromma. Desse signala har også kome direkte til meg frå innbyggjarar i Eikefjord for nokre månader sidan.

Ei slik utviding er kostnadsrekna til 150.000 kroner årleg. HSU har i vedtak av 15. mai bede rådmannen innarbeide dette i revidert budsjett i juni slik at vi allereie denne sommaren kan utvide opningstidene i Eikefjord. Dette er ein etter måten lita utgift for kommunen, målt mot den vesentlege hevinga av kvardagskvaliteten til trengande eldre i og ikring Eikefjord dette fører til. HSU følgjer opp dei innspela vi får og gjer omsorgstenestene i heile Flora kommune betre. Ikkje berre i Florø, men også i Eikefjord.

Jacob Nødseth (H), leiar helse- og sosialutvalet i Flora kommune