Årsmelding – Eikefjord Grendalag – 2008

Eikefjord Grendalag har hatt 12 styremøte i 2008. Ein har på desse møta handsama 71 saker.
I tilleg har vi halde 1 stormøte for bygda  ( 24.April-08)  samt Evalueringsmøte for Eikefjord dagane  ( 10. September -08)
Grendalaget har utanom dette hatt 1 strategi samling ( 12.September-08)

I styret for 2008 har vore:
Per Øyvind Sørbø
Andrè Høyset
Margunn Bakke
Marianne U. Knapstad
Magnar Sunnarvik
Silje Fraas
Brigt Samdal

Organisatorisk utfordring
Det vart stor utskifting ved forrige årsmøte. Heile 5 nye medlemmer vart vald inn i det nye styret. Heldigvis var det personar som tidlegare har vore med i
Grendalags arbeid slik at det gjekk forholdsvis greit å få inn nye rutinar og fordeling av arbeidsoppgåver.

Økonomisk status
Den største utfordringa for Grendalag sitt styre i 2008 har utan tvil vore økonomien. Økonomi-økonomi-og atter økonomi har vore fokus på kvart einaste styremøte i 2008. Det var difor særs gledeleg at vi før Eikefjord dagane omtrent var i balanse og kan sjå tilbake på eit økonomisk bra år for Grendalaget.

BU –søknad
Vi var samde om at vi skulle søke Fylkesmannen om nytt opptak i BU-programmet. Vi vinkla søknaden inn mot ein fase 2- vidareføring av vår forrige  periode. Svaret var negativt og kanskje ikkje so uventa sidan ingen tidlegare BU-bygder har vorte oppteken for andre gang.
Men, vi er spente på kva kurs Fylkesmannen velgjer framover. 

Tettstadsmidlar
Vi søkte  Sogn og Fjordane Fylkes kommune om midlar til å vidareføre kyrkjebukt prosjektet vårt. Også her fekk vi nei –sjølv om vi var med heilt inn i finalerunden. Tettstadsmidlar vert delt ut kvart år og vi kjem nok til å søke att.

Drifts avtale med Flora kommune
Det har vore ulike erfaringar med stell av grøntområda i Eikefjord. Grendalaget tok kontakt med tanke på stranda og promenaden og enda opp med ein avtale heilt fram til og med skulen. Avtalen omfattar rydding og ettersyn av stranda og vedlikehald og gjødsling av området. Vi baserer arbeidet på ein del dugnad, samt ”tilsetting” av gartnar om sommaren (skuleelevar).

Div arr. 
Påskedans-jonsokfeiring og dans 2. juledag er arr som vi har gjennomført i 2008. Vi ynskjer å ha nokre få og faste arr. utanom Eikefjord dagane. Dei er viktige for bygda og gjev oss også eit overskot økonomisk som er godt å ta med.

420 KV Linja
Grendalaget tok tidleg eit nøytralt standpunkt i denne saka. Den berørar so mange enkeltpersonar og femnar om eit so vidt område at vi syntes at det var både vanskeleg og uriktig av oss å engasjerer for mykje.

Vegnamn i bygda
Grendalaget fekk her ein koordinerande rolle i oppstarten og skal seinare vere ein av fleire høyringsinstansar. Prosessen starta hausten 2008 og skal vere ferdig hausten 2009. Vi er alle spente på slutt produktet i denne litt følsame, men nødvendige saka.

Rasteplassen
Grendalaget har ei 4-årig avtale med Statens Vegvesen om vedlikehald av ein del av rasteplassen. Sjølve plassen tek vegvesenet seg av og vi har ansvaret for det omkringliggjande området. Vi har starta opp med rydding av skog og har intensjonar om å få grøfte ein del av området rundt stien og kanskje på sikt få opp ein liten gapahuk nede ved utsiktpunktet.
I alle fall er det no slik at stopper nokon ved rasteplassen, so vil ein kunne få sjå ein smakebit av bygda/sentrum – og kanskje få lyst til å ta ein tur ned ?

Kalender
Årets Eikefjord kalender var den 6. i rekka. Nytt av året var bruk av farge bildar og med ”ferske” Eikefjord bildar. Vi har litt tilbakemeldingar. Nokre saknar dei gamle bilete og nokre er fornøgde med at vi har fornya oss med farger og dags aktuelle bilete. Det som er heilt sikkert er at det vert kalender i 2 nye år, slik at vi har plassert alle dei 8 tidlegare Eikefjord ordførarane på framsida.

Nyttårsfyrverkeri
Nytt av året var eit felles fyrverkeri for bygda. Privatpersonar og lag og organisasjonar gav pengar slik at vi kunne sende opp eit flott fyrverkeri under kontrollerte forhold. Soleis vart inngangen til eit nytt år feira med ekstra knall i den tidlegare bøtkerbygda Eikefjord! Noko som skal bli ein tradisjon ?

Bygdesamling
Leiaren i Grendalaget repr. Eikefjord på den årlege bygdesamlinga som Fylkesmannen arr. på Skei. Viktig å vise att på slike samlingar og ein god plass til å bygge nettverk.

Eidfjord
Per-Øyvind og Brigt Olav var inviterte til bygdesamling i Eidfjord. Det var Fylkesmannen i Hordaland som stod bak arr. Vi fekk 1 time på oss å fortelje om Eikefjorden generelt og BU programmet spesielt. Det vart mykje god PR for Eikefjorden og vi reiste heim att med slipset til ordføraren i bygda !!!!

Eikefjord dagane 2008
Best ever !!! ???? I alle fall dersom vi tenker på veret. Sol alle 3 dagane gav oss ei fantastisk ramme rundt arrangementet.
Opning av Norsk slipsmuseum, Korianders kyrkjekonsert, Bergens munnspel orkester, dansen med Heimalanne, fødselen av ”Eike”, all den gode maten og mykje, mykje meir gjorde desse 3 dagane til eit kjempe arr.
Marknadsføringa av dagane var nok og avgjerande for suksessen. Firdaposten, Eikefjord.net, programheftet vårt og opninga / marknadsføringa av Norsk Slipsmuseum gav oss ein veldig bra ”go” før det heile starta med det etterkvart unike gratise kakebordet på fredagen.

Eikefjord prisen 2008
Årets vinnar: Eikefjord Skulemusikk. Ein verdig vinnar som har gjeve oss mange gode stunder og som har marknadsført bygda på ein framifrå måte.

Sponsor EG
Vi har mange som er med å bidrar til at Grendalaget kan holde på med arbeidet sitt. Men, det er ein sponsor som har vore med oss heile tida og som har bidrege med store økonomiske midlar. Det er Sparebanken Sogn og Fjordane.

Vi takker for samarbeidet og ser fram til nye felles utfordringar.

Samarbeidsavtale EG – Firdaposten
Firdaposten har vore med oss på Eikefjord dagane frå dag 1. No har vi og inngått eit tettare samarbeid når det gjeld abonnement sal av Firdaposten.  Grendalaget får ein økonomisk kompensasjon dersom vi greier å selgje abn for dei. Difor er oppfordringa klar:
Skal du abonnere eller kjenner nokon som skal ha abonnement på Firdaposten må du gje beskjed til oss ! Då er du med å støtter arbeidet i bygda og får i tillegg ei kjempegod avis 

Prosjekt 100.000
Eikefjord dagane gav oss sopass overskort at vi beslutta å bruke noko av det på stranda og promenaden. Det vart sett av 100.000 til diverse arbeid  (sjå vedlegg ) Etter at vi har betalt bygdas andel i prosjektet, 850.000 kr har vi no brukt ytterleg 120.000 kr. i 2007  og no 100.000 kr i 2008.
No gjenstår i hovudsak å få tak i meir sand på sjølve badestranda, støype ein kant langs badestranda og langs heile promenaden fram til sentrum, samt å asfaltere resten av grusvegane. Det må og leggast heller på møteplassane på promenaden og ein del mindre arbeid. Kostnaden på dette prosjektet vil ligge på mellom 400.000 og 500.000 kr.

Vi går inn i det nye året med vissheit om at vi har snudd økonomien til eit særs godt resultat og vi er i angreps posisjon !

Vi takker bygdefolket for all støtte i 2008 og ser fram til eit spennande og utfordrande 2009 !

Med helsing                            Eikefjord 1.mars 2009

Eikefjord Grendalag

Per-Øyvind Sørbø
-leiar-