Fransk besøk på skulen

Frå 13. til 20. mai kjem 18 elevar og to lærarar frå Frankrike  for å besøke skulen og franskelevane ved skulen. Franskelevane i Eikefjord og dei 18 franske ungdommane har hatt kontakt på diverse sosiale medie i eitt års tid. No skal elevane møtast for å utvide språkkunnskapane og bli betre kjende med land og folk.
Franskmennene skal besøke skulen, bu privat i vertsfamiliar og ta kommunen i augesyn. Både Kinn, Florø, Steinhovden og Eikefjords vakre fjellheim skal presenterast for gjestene. Og eit gjenbesøk er allereie planlagt.

Les meir i Firdaposten