Branntilløp på Løype

Lørdag kveld oppdaga grunneigar branntilløp ved lavvoen på Løype på veg til Hovlandstøylen. Brannvesenet blei tilkalla og fekk raskt sløkt ulmebrannen. Dette er nok første brannutrykning opp stølsvegen og brannmannen var fornøgd med å passere småjoggande turgåarar på veg oppover.

Brannen var forårsaka av eit bål som ikkje var skikkeleg sløkt. I tillegg var nokre vedpinner lagt inn i lavvoen så dei ikkje skulle bli våte av regnet. Desse låg også og ulma når grunneigar kom på plass.

Turgåarar som tenner opp ild i utmark må være sitt ansvar bevist og sløkke bålet skikkeleg før ein forlater området. Akkurat her er det elv med rikeleg vatn eit par hundre meter unna.