Kommande laurdag 21. April, er det duka for den årlege vårbasaren til Eikefjord Skulemusikk i Allhuset, kl. 15.00. Vi oppfordrer alle til å komme og høyre vakre vårtonar. Inngangsbillett 30 kr for born og 70 kr for vaksne, det blir servert gratis kaffi og kake. Det blir også åresal med flotte gevinstar.
Vi gleder oss til ein fin dag, og håper bygda tek turen til Allhuset denne dagen!